Informasjon
Innkallingar og referat
Innkallingar og referat frå tidlegare møter finn de her.
Hendingar og treningar
*Avlysningar kan forekomme
*Spelarar og foreldre får oppdatert informasjon gjennom Spond
Innmelding i Sotra VBK
Ønskjer du å bli medlem i Sotra Volleyballklubb, så ta kontakt med Peter Brennhaug. Tlf: 91704735. E-post: leder@sotravolley.net. E-posten må innehalde namn, fødselsdato, adresse, telefonnummer og e-post. Alle som ønskjer å spela kampar må betala lisens.
For å melda seg inn må ein registrera seg på Min Idrett.
| Herrer | Damer | Mix |
|---|---|---|
| Senior andredivisjon | Senior andredivisjon | Trim |
| Gutar U19 | Senior tredjedivisjon | |
| Jenter U17/U19 | ||
| Jenter U13/U15 |
| Gruppe | Kontingent | Treningsavgift | Lisensar fastsatt av NVBF |
|---|---|---|---|
| Senior | 100 | 800 | 1365 |
| Eldre junior | 100 | 600 | 1150 |
| Yngre junior | 100 | 600 | 480 |
| U13 | 100 | 400 | 370 (kan gå på laglisens) |
| Trim | 100 | 200 | - (kan ha trygg på trening til 370) |
| Andre | 100 | - | - |
| Dommarar | 100 | - | Dommarlisens vert dekka av klubben |
| Trenarar | 100 | - | Trenarlisens vert dekka av klubben |
Treningsavgift skal betalast kvart halvår
Kontingent og lisens er for ein heil sesong
Lovnorm for idrettslag
OpneOrganisasjonsplan
Rent Idrettslag
Rent Idrettslag (Rent IL) er eit program for idrettslag tilknytta særforbund underlagt Norges idrettsforbund som utfordrar klubbar og lag til å setje antidoping på agendaen. Norges volleyballforbund krev at alle klubbar gjennomfører tiltak for å bli sertifisert som et reint idrettslag. Dette går mellom anna ut på å leggje opp til diskusjon og informasjon rundt doping, samt at medlemmar gjennomfører kurset “Ren utøver”:
Programmet har vorte tatt opp til diskusjon i styremøte i Sotra volleyballklubb. Vidare har spelarane på 1. divisjonslaget gjennomført “Ren utøver” før seriestart.
Sotra volleyballklubb oppfordrar alle medlemmer over 15 år til å gjennomføra kurset for å bli informert om regelverk rundt doping, dopinglista, dopingkontroll, kosttilskot og helsekonsekvensar.